torsdag 26. mai 2011

"Vi overlever alt"

Klokka er 8.45, det er ein grå torsdag i mai. 13 ungdomar og tre vakter er på plass på eit heilt ordinært klasserom, på ein heilt ordinær skule. Stemninga er spent. Elevane koplar på datamaskinane sine, opnar eit dokument og får melding om å lage topptekst og setje inn sidetal. Ein av elevane kan ikkje å setje inn sidetal, og ei av vaktene, la oss kalle henne "Gamla", ilar til for å hjelpe han.

Klokka sneglar seg vidare framover. Elevane hostar og snufsar utan stans, men snakkar lite. Alvoret senkjer seg.

Klokka 9.00: eksamensansvarleg frå leiinga deler ut eksamensoppgåvene. Vi er i gang. Gamla ser på klokka. Årets lengste 2 1/2 time står framfor henne.

9.02: Ein elev må hente boka si i ein annan etasje. Gamla sprett opp og blir med han. Slik går dei neste tre minutta litt raskare.

Så skjer det ingenting. Vel, det er kanskje å overdrive. Ein av elevane et eit eple, ti av dei hostar og snufsar. Gamla ser utover forsamlinga og registrerer at to har med Cola, ein har Redbull og dei ti resterande har vassflaske. I sitt stille sinn tenkjer Gamla at dei burde drikke meir, mykje meir. Elles registrerer ho klesdrakt, frisyre, skotøy og boxershortsmerke i eit krakilsk forsøk på å halde seg vaken. Neste års konfirmasjon blir førebudd i detalj, handleliste for helga og hugseliste for neste veke vert tenkt ut. Ingenting vert skrive ned, sidan ei vakt skal vere totalt fokusert på eksaminandane og dataskjermane deira. Ingenting suspekt skjer.

9.30: drikkeflaskene har hatt sin misjon. To elevar må ut ein tur, og Gamla fyl dei gladeleg.

Gamlas konfirmasjonsplanar fell i grus då ho kjem på at dei som eig lokalet ho hadde blinka seg ut sjølv har konfirmant. Tankane går over til ommøblering og endringar i interiør, både i eige og andre sine hus.

10.00: to elevar vil kjøpe mat. Dei kjøper baguettar som dei varmar i mikrobølgjeomnen i kantina, og Gamla håper at matlukta vil freiste fleire av elevane til å handle. Neida, det stoggar der.

No tel Gamla kor mange undervisningstimar ho har att i år, kor mange dagar ho skal på jobb, kor mange dagar det er att til lønningsdag, kor mykje pengar ho har til å reise på ferie for, kva vekenummer vi er i, kor mange bøker ho har lyst til å lese.

11.10: hovudvakta vil ha pause, og Gamla tek over.

No får Gamla endeleg tak i oppgåvene, så det går noko tid til å lese både oppgåvene og vedlegga. Oppgåvene ser veldig ok ut, med godt fagleg fokus. Ein elev leverer, det tek heldigvis nokre minutt.

11.30: hovudvakta kjem attende, saman med ei vakt som skal avløyse Gamla.

11.32: Gamla er på plass i sofaen med kaffi og mat, særs pratesjuk.

Lukke til med sensuren!

2 kommentarer:

  1. 2,5 time? Såpass lenge har du jammen godt av å sitte i ro! Du kan øve deg til du blir gammal.

    SvarSlett
  2. 2,5 time går utrulig sakte når ein ikkje kan lese, skrive, surfe på nett, strikke, slå nuppereller - you name it. Ein har ikkje lov å gjere noko som helst, og lydbok er dermed uaktuelt. Når eg blir gammal, har eg tenkt å gjere som eg vil, anten eg sit eller står, og eg skal ALDRI attende til skulen for å sitje eksamensvakt.

    SvarSlett