lørdag 28. mai 2011

Kalenderen viser 28. mai...

Minstemann og eg vakna relativt tidleg i dag, og etter frokost skulle vi vaske hus. Arbeidsdelinga var klar: han skulle rydde i legoen sin, eg skulle vaske. Klokka 11.15 presis var eg ferdig med å vaske begge etasjane, medan Minstemann framleis stod ved spisestuebordet og leika med lego. Eg tok meg ein lang dusj og sette på ein klesvask, og så tok vi oss ein lang skogstur med hundane. Det var ikkje akkurat sommarleg ute, men fint turvêr. Hundane leika gøyme-og-leite med Minstemann, vassa i elvane og rulla seg i graset. Minstemann plukka fine steinar og underheldt med innhaldsreferat frå dei fleste filmar og seriar han har sett.

Resten av gjengen er opptekne med anna, så no skal Minstemann og eg kose oss med rolege inneaktivitetar ei stund. Jentene har dansepremière i ettermiddag/kveld, og når dei kjem heim, har vi lova å ha maten klar.

Eit lite lyspunkt i kvardagen: eg leita fram dei nye lestane som Mamma har strikka til meg. Dei er både fine og varme, og no slapp eg å vente til hausten før eg fekk begynne å bruke dei. Aldri så gale...

6 kommentarer:

  1. Eg går rundt i nokre rosa sameleis!

    SvarSlett
  2. Fryktar at eg kjem til å ta fram vottane frå Solveig også...

    SvarSlett
  3. Eg brukte mine tidlegare i veka, og eg var ikkje den einaste med sykkel og vottar, ja, og regnkle sjølvsagt.

    SvarSlett
  4. Her går vi i strikkalester begge to heile tida. Og eg har funne fram ei ulltrøye....

    SvarSlett
  5. Eg har ikkje funne fram sykkelen enno - trur eg vart ulysta i fjor, då eg var utan bil i ein månad. Men på sykkel må ein ha vottar/hanskar nesten året rundt.

    SvarSlett
  6. Det veit eg alt om! Det er vel få som har sykla meir til og frå jobb enn eg. Men eg er velsigna med veldig varme hender, så det er sjeldan eg treng vottar.

    SvarSlett