tirsdag 20. mars 2012

Fattig illustrert blogg?

Denne veka er kameraet mitt i London, og eg unngår dermed den før nemnde problematikken rundt kva og kven ein kan legge ut bilete av på bloggen.

Det første biletet som ikkje vart teke, og som dermed ikkje vert lagt ut, er av gjengen på middagsbesøk i Ørsta. Måndag er som kjent ballettdag, og for ein gongs skuld skulle eg ha med alle fire avleggarane til middagsbesøk hos Mormor og Morfar. Litt før 14.30 ringde Veslejenta frå ferja. Ho hadde fått melding frå ballettskulen om at læraren var sjuk, så ingen av jentene skulle danse. Eg slo straks på tråden til "Besta" og spurde om vi kunne kome likevel. Det var greitt, og nesten nødvendig, så mykje mat som dei hadde klar. Sidan Minstemann, som den einaste, ikkje hadde vore overbegeistra for menyen sist vi var der, slo "Besta" til med blomkålsuppe, pølser og potetstappe. Suppegjøken sjølv slurpa i seg fire porsjonar med suppe, så han måtte stå over hovudretten. Til dessert fekk vi sjokoladekake, så det var eit perfekt måltid!

Vel heime trudde eg først at det var innbrot, men så var det Barnefaren som hadde teke seg til rette og montert opp ringeklokke m.m. Fyrt i omnen hadde han òg gjort, så det var ekstra koseleg å kome heim.

Tysdagen begynte tidleg for min del, for eg skulle mellom anna ringe til ho som no er på veg til London. Eg må innrømme at eg er frykteleg misunneleg, men unner sjølvsagt gjengen ein flott tur. Både engelskklassen, musikk-klassen og ein gjeng frå realfaggruppene på jobb er i London denne veka, medan ein idrettsklasse er i Sør-Spania. Vi kryssar fingrane for at alle turdeltakarane får gode minne frå reisene - alle gruppene har i alle fall flotte og interessante opplegg, men av erfaring veit eg at det heile kjem an på korleis deltakarane oppfører seg.

1 kommentar:

  1. Kjenner eg er litt misunneleg på den Londonturen. Yngstemann skal visst dit i juli med fotballaget. Synest å hugse at turen vår gjekk til Førde i tredjeklassa.

    SvarSlett