lørdag 17. mars 2012

Vinklubb på Neset

Fredag kveld var 11 bygdedamer samla til god mat, prat, og ikkje minst vin. Samtalane gjekk på høgt (lyd)nivå, som vanleg, og vi kosa oss stort.

Ein debatt i bygda for tida er bruken av sosiale media og misbruk av foto på Internett. Skepsisen er stor både blant vaksne og unge. Eg har derfor ikkje tenkt å legge ut anna enn bilete av ei rose i dag - ein nydeleg bukett eg fekk som stå-på-gåve tidlegare i veka.

6 kommentarer:

  1. Har du høyrt om Pinterest? Sjekk Timotei sin blogg, du finn den på lista mi.

    SvarSlett
  2. Pass deg så du ikkje endar opp som meg - berre bilde av deg sjølv omtrent;-)

    SvarSlett
  3. Eg er IKKJE hysterisk, men må vel respektere at andre er det...

    SvarSlett
  4. Ein skal spørje alle om løyve. Derfor held eg vener utanfor bloggen. Så vert det nokre bordbilde e.l. istaden.

    SvarSlett
  5. No har eg sjekka ut Pinterest. Eg er framleis ikkje hysterisk - for meg verkar det som om dei som ikkje sjølve har til dømes facebook-konto er dei som er mest skeptiske til kva ungane deira styrer med der. Eg snakkar med ungane mine og har dei som "vener" på facebook, og eg trur ikkje nokon av dei har opplevd noko skummelt. Dersom nokon tek mine amatørmessige og eigentleg truskuldige bloggbilete og misbruker dei, kan eg leve med det.

    SvarSlett
  6. Bilde som er tatt i det offentlige rom, må vere lov å legge ut for kven som vil. Elles har eg den trua at dei fleste veit kvar grensene går. Men det er viktig å snakke med barn og ungdom om kva dei kan legge ut på nettet og ikkje.Sjølv brukar eg jo både blogg og FB utan at eg har opplevd noko skummelt.

    SvarSlett