lørdag 24. mars 2012

Javisst kan Minstemann sykle!

I ein alder av nøyaktig åtte år og fire månader lærte Minstemann seg i dag å sykle!

Storegut skulle av garde i kyrkja i dag, og vi hine for til vår tidlegare heim for å halde fram med nedvasken. Det var ein nydeleg dag, og ungane ville heller leike enn hjelpe til. Gamla hadde ikkje hjarte til å tvinge dei til å vere inne, så dei styrte på ute medan eg vaska ned badet, kjøkenet og stova. Barnefaren stakk innom eit par timar og hjalp meg med å vaske alle roma på loftet. No står eg att med eit par rom i første etasje, så er eg ferdig! Eg vil helst vere aleine når eg avsluttar prosessen, for då reknar eg med at eg må sjå over alt og vere heilt sikker på at eg ikkje har gløymt noko. Kanskje greier eg det før dåpen, viss helsa held!

Den nybakte syklisten er veldig stolt og glad, og han har allereie sykla på besøk og henta hit ein kompis - under streng overvaking av Veslejenta.

Eg må for skams skuld legge til at dei faktisk gjorde ein innsats i huset dei òg i dag. Dei fekk oppgåva med å rydde og koste utanfor dørene, og det greidde dei å fullføre NESTEN utan gråt og tenners gnissel.

1 kommentar:

  1. Fint i Nautvika i dag. Fint alle stader, men faktisk får ein meir arbeidslyst inne også i slikt ver. På dine vegner ser eg fram til at du blir ferdig med nedvasken. Erlend og Eivind er vel til dags dato dei to i slekta som har vore treigast med å lære seg å sykle. Sjølv EG lærte sykkelkunsten då eg var 6 år. Hugsar det godt. Far din stiller i ei klasse for seg, trur han lærte det då han var i det militære.

    SvarSlett