lørdag 5. mai 2012

Less stress

Medan andre konfirmantforeldre stressar og styrar (og stryk) har vi ei roleg og koseleg helg i heimen. I kveld har vi jentekveld medan Gutta er hos Barnefaren, og vi har kosa oss med diverse. Først gjekk vi tur bort til kyrkja, der vi fann fine stader å ta bilete av kobfirmanten i morgon. Vi gjekk over kyrkjegarden og sende nokre tankar til dei som ikkje er blant oss lenger, og vi gjekk inn i Mjeltvika medan vi snakka om laust og fast.

Veslejenta hadde bestemt middagsmenyen; laks med pasta og wok-grønsaker. Etter middag somna russejenta, og eg nytta høvet til å vaske første etasje (andre etasje vaska eg på onsdag). No i kveldinga kosar vi oss med laurdagsgodt, jordbær og kjekke program på tv. Det einaste stresset blir å pakke badetøy til i morgon, då vi skal ha ein koseleg familiedag etter at konfirmasjonen er overstått.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar