søndag 13. mai 2012

Styggevêrssøndag

Minstemann skulle delta på fotballturnering med laget sitt i dag, så Barnefaren og Veslejenta var med han til Ørsta. Første kampen var mot Ørsta, som dei slo 7 - 6. Minstemann scora faktisk eitt av måla!

Sjølv var eg inne og lata meg heile føremiddagen, med kaffi og dvd-film, før rastløysa slo inn. Tispa har løpetid, så hundane må luftast kvar for seg for tida. Eg tok oppdraget og gjekk i over to timar - først med den eine, deretter med den andre. Det er ikkje så spennande å gå etter vegane, men ein får i alle fall høve til å høyre lydbok.

Vel heime snikra eg saman ein middag av noko eg hadde funne i frysaren. Det vart nesten ein nedtur å servere så keisam mat etter alle selskapa i det siste, så eg tok fram fint servise og serviettar for at det skulle verte litt meir stil og klasse over middagen.

No skal vi ha ein roleg kveld inne, for ute regnar og blæs det som om det skulle vere hauststorm. I år er det ikkje mange sunnmørskonfirmantar som får teke fine utebilete på dagen sin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar