tirsdag 1. mai 2012

1. mai

Personleg skulle eg gjerne ha markert dagen med å reise til tettbygde strok, gå i tog og høyre nokre talar, men ungane hadde behov for ein roleg heimedag. Det ville i praksis ikkje seie at vi lata oss, for sola skein nydeleg frå skyfri himmel, og utferdstrongen vart dermed stor. Først gjekk heile gjengen (dei tre yngste og eg) tur med hundane i skogsvegen. Deretter ville to i ballbingen, så eg kjørte dei dit før Minstemann og eg tok turen til Brundalen. Det låg litt snø att på traktorvegen opp, men elles var det lett og fint å gå. Eg fekk til og med nyte ei stund på verandaen før ballbingebanden kom og ville ha middag.

No når sola snart går ned får ungane aktivisere seg sjølve, for no skal Gamla sprette den siste heildagsprøvebunken i vår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar