onsdag 2. mai 2012

Løndalen



Fri-onsdagen gjekk med til fornuftige og nødvendige aktivitetar for min del, medan ungane heldt på med sitt. Eg fann ut at ved å først rette to heildagsprøver og deretter vaske eit rom, fekk eg både ferdig retta bunke og reint hus innan fotballtreninga.

Medan dei to yngste trena, gjekk eg tur i Løndalen på Folkestad. Medan eg gjekk tur fekk eg melding frå Kollegavenninne K om at babyen kom i dag! I tillegg til denne storhendinga har Nabovenninne Aa 40-årsdag i dag, og nevø nummer 5 på Kongsberg fyller seks år. Vi gratulerer alle med den store dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar