lørdag 5. januar 2013

Jula er ute - men kva skal inn?

I går fekk eg eit uventa problem då eg kom heim frå jobb. Jordfeilbrytaren hadde kopla ut straumen, og då eg slo på att, gjekk det ei lita stund før huset var mørklagt att. Eg hadde ein teori om at det måtte vere utelysa som var årsaka, og dette viste seg å stemme. Utan utelys vart det freistande å kaste ut ein del av julepynten, og i dag fekk eg ut alt som minner om jul i andre etasje av heimen. Det store spørsmålet no er: kva erstattar ein jula med? Her vart så tomt og fargelaust - og verst av alt var at her vart mørkt.

Må ein på interiørshopping?

Eg kunne ha tenkt meg ein lampe, eit par nye puter, nye lys, blomar og diverse anna som kan gi lys og farge i livet.

3 kommentarer:

  1. Sit her og føler på det samme! Det blei tomt og fargelaust.

    SvarSlett
  2. Ta deg ein tur på Skeidar i Hovdebygda...der kan du få alt det du vil ha, du ser det samla og kan sette saman sånn du vil ha det! Ikkje så alt for dyrt der heller! Lykke til! Ps! Eg arbeider ikkje på Skeidar, berre sånn at det er sagt....

    SvarSlett
  3. Trur eg må ha meg ein tur på Skeidar, ja. Der var mykje fint før jul, men då var eg berre på utkik etter juletrepynt.

    SvarSlett