onsdag 9. januar 2013

Fisk og frisk luft på fridagen




Minstemann hadde overnattingsbesøk natt til i dag, men kompisen vart henta relativt tidleg. Då fekk han besøk av ein annan kompis, og han vart med oss ut på tur. Ungane gjekk til ballbingen og leika der medan eg gjekk innover mot Mjeltvika. Det var nydeleg sol på den sida, og eg er spent på kva tid vi får sol på eigedomen.

Vel heime laga eg Gamlas spesial, nemleg pestolaks med pasta. Vi kunne i dag innvie dei nye middagsfata vi kjøpte på måndag.

3 kommentarer:

  1. No blir de så avanserte i matlaging og servering både du og systra di,at eg torer snart ikkje å by på gammaldags mat. Fine tallerkar, men er dei gode å plassere i oppvaskmaskina?

    SvarSlett
  2. Dette er det minst avanserte ein kan tenkje seg, men ungane sa det såg ut som restaurantmat når den låg på dei nye fata. Særleg praktiske å stable eller ha i mikroen er dei ikkje, men vi likte dei.

    SvarSlett
  3. Stilige tallerkar! Eg har kome heim i mørkna to dagar no, og kjenner eg gler meg til å sjå meir dagslys! Det går heldigvis raskt mot lysare tider!

    SvarSlett