lørdag 19. januar 2013

På date med Les Misérables

Fredag kveld var vi ein gjeng damer frå jobb som gjekk på kino saman. Filmen var "Les Misérables", som eg har sett som musikal i London to gonger og høyrt filmmusikken til svært mange gonger.

Filmen er spektakulær. Den held seg nær opp til musikalen i bruk av sungne replikkar, men kulissane kan ikkje samanliknast. I byrjinga ergra det meg litt at skodespelarane spelte for mykje skodespel medan dei song, slik at dei fantastiske songane kom i bakgrunnen, men film er trass alt eit anna medium som nyttar andre verkemiddel.

Eg vart mest imponert over rollefigurane Fantine, Eponine og Javert, medan Cosette og Marius var litt "bleike". Jean Valjean sjølv var ein betre skodespelar enn songar, i mine øyre. Ei flott filmoppleving uansett, og koseleg mat og prat etterpå.

8 kommentarer:

  1. Eg skal til London om vel ein månad saman med kollegaer, og denne har eg lyst å sjå, men eg må vel jenke meg etter fleirtalet.

    SvarSlett
  2. Dei bør jenke seg etter deg, meiner no eg.

    SvarSlett
  3. Bilettane var over 900 kr hadde dei funne ut. Viss dei fer på We will rock you, somn eg har vore på, håper eg å få med meg ein eler fleire på discount shop.

    SvarSlett
  4. På jobben min blir det musikal siste veka før vinterferien. Det ser eg fram til (musikk av Toto denne gongen)

    SvarSlett
  5. Ja, det er somme som har det. Synest de at Les Miserables høver for seniorar? I så fall må eg forhandle litt med Bjørn.

    SvarSlett
  6. Eg trur ein bør kjenne historia og vere budd på at replikkane vert sunge. Den er dessutan ganske lang. Det var halvfull sal i går, trass i at det var première.

    SvarSlett
  7. Halvfull sal i Vik og. Eg hadde høyrt filmanmeldaren Synnøve på TV2 siei den var litt langtekkeleg, medan Guri Sckanke(?) syntest den var fantastisk. Eg såg på klokka først då det var 5 minutt att.
    Filmen krev at ein er litt "kulturell", vil eg seie,

    SvarSlett
  8. Ein bør vite litt kva ein går til. Nokre av damene syntest den var lang, men ikkje eg. Tvert imot tykte eg klippinga gjekk litt fort då Valjean vandra i landskapet. Faktisk tenkte eg då den var slutt at eg godt kunne ha sett den ein gong til.

    SvarSlett