søndag 27. januar 2013

Miserabel igjen

Etter ein sein frukost, ein tur i ruskevêret og ein kjapp middag var det tid for jentene og meg å hive oss rundt og fare til Ørsta. Der plukka vi opp "Besta", og så var det klart for kinodate igjen. Sjølv hadde eg sett filmen i førre veke, men dei hine hadde ikkje sett den før. Eg tolte godt å sjå den igjen, og er framleis imponert av den spektakulære produksjonen. Vi kjem truleg til å kjøpe dvd-en, og kanskje eit nytt eksemplar av cd-en òg. Det er mange storfilmar som har première framover, og eg kjem til å prøve å få med meg dei fleste på kino.

4 kommentarer:

  1. Ja film er best på kino. Diverre fekk eg ikkje med meg denne, er så lei for det! Det er jo favoritten av alle musikalar. Heime sløva eg til Jane Austen book club, ein morosam film med happy ending, kjekk for oss som har sett dei filmane over and over again. Var på teater med Aron og Sunniva, rart når ca. Ti ungar hylskrik i første scene! Var høg lyd og skummel rev. Ei storarta oppsetting.

    SvarSlett
  2. Artig med barneteater! Vi skal snart på heimesnekra musikal på jobben, det blir svært. Eg skal elles prøve å få med meg Anna Karenina, Victoria og Abraham Lincoln på kino. Ja, filmane altså, ikkje personane...

    SvarSlett
  3. Visste ikkje om Anna Karenina på film? Lincoln gledar eg meg til, er småhekta på Civil War.

    SvarSlett
  4. Anna Karenina ser ut til å vere eit fantastisk spektakulært kostymedrama, med Keira Knightley i hovudrolla.

    SvarSlett