fredag 28. juni 2013

I never promised you a rose garden

I dag var eg ein snartur over fjorden for å levere papir på lensmannskontoret. Dei to yngste treng nemleg pass seinare i sommar.

På heimveg stakk eg innom Plantasjen for å kjøpe sen og plastknivar til dei to kantklipparane mine, og så fall eg for freistinga og kjøpte tre rosebusker og ei georgine.

Vel heime fekk eg hjelp til å fjerne ein halvdaud asalea nedanfor leikarhytta, og så planta vi rosene der. Då eg såg nærare på etikettane, tyda namna på at dette skal bli eventyrleg vakkert. Då asaleaen forsvann, dukka det opp to rosebusker til, så det kan bli rikeleg med roser på sikt. Det vart i tillegg ein del luking, rydding og kantklipping, og eg gjekk ein lang tur då det begynte å regne. Ein aktiv utedag, med andre ord.

5 kommentarer:

  1. Du har no god plass til roser!
    God helg!

    SvarSlett
  2. Eg har juksa i år og kjøpt potteroser i beddet. Det er ikkje dtrare enn andre sommarblomster. Og det kan hende dei kjem att neste år?

    SvarSlett
  3. Eg kosta på litt ekstra god mold, for jordsmonnet her er noko variabelt.

    SvarSlett
  4. Kaffigrut skal vere godt for roser.

    SvarSlett