fredag 7. juni 2013

Sommarkonsert i operahuset

Torsdag kveld gjekk turen til Nordfjordeid. Eid har sitt eige operahus, og det flotte lokalet gjorde sitt til at ein allereie før konserten var imponerte. Då konserten begynte, kom høgdepunkta som perler på ei snor. Musikantane og songarane hadde pynta seg, det vart minimalt med pausar mellom innslaga og alle nummera var så godt innøvd at det var ei fryd å høyre på. Nokre av utøvarane heldt dessutan eit så høgt nivå at eg sjeldan har høyrt liknande. Dei siste to nummera var sett saman av gitarar, blåsarar, strykarar, songarar med meir, og det var berre fantastisk å høyre på. Elles må eg legge til at konsertleiinga og rigginga verka utruleg profesjonell, og at lyssettinga gav konserten eit ekstra løft.

Årsaka til at vi var der, var at "Lommerosk" har delteke i rockeskulen på Eid. Dei framførte det dei sjølve kalla "basarrock frå Sunnmøre", og dei var sjølvsagt flinke og fekk flott mottaking. Nummeret dei spelte var gode, gamle "Social education".

2 kommentarer:

  1. Er det ikkje Jiri som har lyssetting etc. der borte, også. Operabyen Nordfjordeid? Og ballettbyen Ørsta?

    SvarSlett
  2. Nei, det var lokale menn denne gongen. Flott med mørklegging av scenen under rigging og lys på utøvarane når dei spelte/song. Og musikantane heldt eit svært høgt nivå samanlikna med det vi er vane til.

    SvarSlett