tirsdag 18. juni 2013

Tur til Langevatnet, Svartevatnet og Grimeskarvatnet

Langs den gamle postvegen over Brekka mellom Bjørkedalen og Harpefossen er det merka fleire turstiar. Måndag kveld gjekk turen innover frå om lag der fylkesgrensa er og innover mot i alt tre vatn. Grimeskarvatnet er lengst vekk, og dit er det om lag 1,6 km, med noko stigning på slutten. Det såg ut til å vere rikeleg med fisk i alle vatna.
Grimeskarvatnet

Svartevatnet


Langevatnet



3 kommentarer:

  1. Nydelige bilde. Lenge sidan vi køyrde den vegen, trur vi hadde Nadja med oss. Desse vatna, er dei i Nordfjord eller på Sunnmøre?
    Elles er det ei ny lov om at barn under 16 år og pensjonistar(67+)har lov å fiske i statseigde vatn-utan fiskekort. Spørsmålet er berre: Kva for vatn er det Staten eig?

    SvarSlett
  2. Det er truleg private vatn. Staten eig nasjonalparkar. Ein skulle tru ein kunne finne info på nett.

    SvarSlett
  3. Eg trur dei høyrer til Nordfjord, i alle fall gjer første del av stien det.

    SvarSlett