søndag 20. oktober 2013

Årets viktigaste søndagstur

Då eg vart spurd om å vere bøsseberar, sa eg ja utan å tenkje meg om. Eg går tur heile tida likevel, så kvifor ikkje for ei god sak?

Skal eg vere heilt ærleg, likar eg betre å samle inn pengar til sveltande born enn til oppgåver som eg meiner bør kunne finansierast av statsbudsjettet, men demensforsking er utan tvil ei viktig sak det òg. Slike innsamlingsaksjonar set dessutan fokus på ei sak, slik at fleire får auka kunnskap og empati. Det må vere ufatteleg vondt å sjå sine næraste og kjæraste forsvinne inn i ein tilstand som endrar dei totalt som menneske, og eg kjenner meg takksam for at eg har to oppgåande foreldre.


1 kommentar:

  1. Eg trur at fokuset på og spreiinga av kunnskap om, er det viktigaste for denne saka. Der er ein del tabu som bør vekk.

    SvarSlett