onsdag 15. januar 2014

Bok 3 2014: "The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society" av Mary Ann Schaffer

Etter det eg har funne ut, er dette den einaste boka Schaffer har skrive. Ho var amerikansk og levde 1934 - 2008, og i etterordet står det at ho måtte få hjelp til å fullføre boka på grunn av sjukdom. Boka vart publisert same året som ho døydde.

Det er mange grunnar til at eg likte denne boka uvanleg godt. Karakterane er tydelege og interessante, noko eg alltid set pris på. Hovudpersonen Juliet, til dømes, er ein sjarmerande og humoristisk karakter som ein straks får sympati med. Noko anna som gjer at eg likar boka, er at handlinga er lagd til Guernsey i 1946. Eg har vore på to av kanaløyane, Jersey og Sark, og visste frå før at området var okkupert av tyskarane under andre verdskrig. No er ikkje dette ei dokumentarbok, men eg reknar med at krigshistoriene i boka er nokolunde truverdige. Eg er dessutan blitt fortald at Guernsey minner om ein mindre versjon av Jersey, så eg ser føre meg noko av landskapet og bygningane der.Vidare likar eg at så mykje av boka handlar om litteratur, og kjærleik til litteratur. Annan type kjærleik er òg til stades, og til tider kan det bli spennande, utan sentimentalitet (som eg sjeldan likar).

Den aller viktigaste grunnen til at eg likar boka, er komposisjonen. Mesteparten av boka er brev som vert sende til og frå ulike personar, dei fleste til eller frå Juliet. Ein må derfor lese ein del av handlinga mellom linjene, og ein får eit effektfullt skifte i synsvinkel.

Etter min smak var dette ei herleg bok som eg hadde problem med å leggje frå meg. Eg las den på engelsk, og det gjekk heilt fint. Noko av humoren er typisk britisk, sjølv om forfattaren er amerikansk, og det kjem best fram på originalspråket. Eg hadde ikkje villa lese denne som lydbok, då komposisjonen kan bli forvirrande når ein ikkje ser breva. Elles kan eg berre seie "løp og les!"

6 kommentarer:

  1. Dette er en gripende og hyggelig bok på samme tid. Den er blant mine "kose-favoritter" :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Einig med deg. Hyggeleg og gripande - men ikkje sentimental og klisjéprega. Synd der ikkje kjem fleire bøker frå same forfattar, men fint at ho skreiv denne!

      Slett
  2. Dette er en fin bok, en av mine favoritter fra fjoråret.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den blir truleg ein av mine favorittar i år!

      Slett
  3. Jeg ser denne stadig blir (rettferdig) sammenlignet med 84 Charing Cross Road, men jeg ble litt mer nysgjerrig etter å ha lest dine ord. Kanskje jeg skal ta sjansen likevel... :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gjer det - dette er ein skikkeleg "feel good"-roman!

      Slett