tirsdag 21. januar 2014

Bok 6 2014: "Lykkelige dager" av Sigrid Undset

Russeklassen min og eg har sett dokumentar om Sigrid Undset, og neste veke skal vi sjå filmatiseringa av "Kristin Lavransdatter". På privaten har eg lese ei lita bok forfattaren skreiv medan ho budde i USA under andre verdskrig. Her skildrar ho det norske bygdelivet og sitt eige familieliv i relativt unyansert idyll. Boka er ikkje akkurat god, og den er frykteleg romantiserande, men eg synest den nesten er ein liten kuriositet. Ho skriv rørande varmt om den psykisk utviklingshemma dottera, og om eldstesonen, som vart skoten under andre verdskrig. Ei imponerande kvinne som både skreiv og opplevde mykje i livet sitt.

4 kommentarer:

  1. Eg heldt fordrag om Sigrid Undset på lærarskulen, etter å ha lese om barndommen hennar, ein slags sjølvbiografi. Mora var dansk, trur eg. No kom eg på kva boka heiter: "Elleve år".Synest å hugse at den var fin.

    SvarSlett
  2. Mora var dansk, og faren døydde då Sigrid var 11 år

    SvarSlett
  3. Den har eg ikkje lese. Sikkert interessant.

    SvarSlett
  4. Interessant som ein kuriositet, i alle fall.

    SvarSlett