søndag 26. januar 2014

Bok 9 2014: "De usynlige" av Roy Jacobsen

Boka fortel om livet på ei øy i Nord-Noreg i perioden 1913 - 1928. Det var spennande og interessant å lese om korleis dei dreiv havet og gardane, og lydboka var lesen på dialekt, noko som gjorde den ekstra autentisk.

Eg likte boka, men synest den verkar noko uavslutta. Her manglar ei stor, samanhengande historie med byrjing og slutt - men det er kanskje ikkje meininga å lage ei slik forteljing, men å spegle av livet meir generelt. Boka har fått gode kritikkar og er seld til fleire land, så det er truleg lesaren sine forventningar det er noko gale med, ikkje boka.

5 kommentarer:

  1. Eg likar godt det eg kallar "små fine bøker", og eg likte denne. Men eg ville gjerne vist korleis det gikk vidare, så eg er samd med deg i at her manglar ein "slutt".

    SvarSlett
  2. Ser at eg har skrive vist i staden for visst. Det kan vere misvisande.

    SvarSlett
  3. Eg les denne boka no og tykkjer den er god så langt. Kanskje det kjem ein fortsettelse? Har nett lese "Seierherrene" av RJ, også ei god bok etter min smak. Må ha ei pause innimellom Knausgård sine 6 bøker, og då er det greitt med litt kortare bøker.

    SvarSlett
  4. Eg har også lese "seierherrene" og likte den godt. Eg trur ikkje det kjem framhald til denne boka (De usynlige) men den kunne godt ha vore lenger.

    SvarSlett
  5. Eg likte veldig godt "Seierherrene", men var ikkje så begeistra for "Vidunderbarn".

    SvarSlett