søndag 22. juni 2014

Bok 49 2014: "Rapsgubbene" av Karin Brunk Holmqvist

Boka sorterer i sjangeren "lett sommarlektyre", og eg sit att med litt av same kjensla som då eg las "Potensgiverne" av same forfattar. Karakterane er godt skildra, og innhaldet er engasjerande. Når det går mot slutten, flatar historia ut, og boka taper seg veldig.

Det positive med boka, er hovudpersonane. Denne gongen er det to eldre brør som er i sentrum, ikkje systrer, som i "Potensgiverne". Brørne opplever at det einsformige livet deira vert totalt endra då det brått vert sett ut rykte om ufoar i rapsåkeren. Skildringa av dagleglivet deira er kosteleg, men historia om dei manglar altså eit godt sluttpoeng slik eg ser det.

2 kommentarer:

  1. Denne har eg ikkje lese, fekk liksom nok med dei potensdamene. Men kanskje eg skal prøve gubbane ein gong viss eg er i DET humøret.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eller kanskje du skal la vere. Trur ikkje du vil like den så godt.

      Slett