fredag 27. juni 2014

Korpskonsert og Rockheim

No er berre Minstemann og eg att på hotellet, og vi stakk inn til sentrum for å vere publikum i føremiddag òg. Denne gongen var det korpset vi skulle høyre på, og det var sjølvsagt kjekt. Etterpå skulle vi til Rockheim, det store muséet for pop og rock som ligg ved Pirbadet. Det var umogleg å vite på førehand kor lenge vi kom til å vere der, men det tok oss om lag 3 1/2 time å gå lei. Dei to siste timane tilbragte vi på eit rom der ein kunne spele ulike instrument, og eg kan røpe at det var mora som gjekk lei først.

Litt byvandring og junkfood vart det sjølvsagt tid til i dag òg, men etter den hektiske og lange gårsdagen var det greitt å kome seg tidleg "heim".





4 kommentarer:

  1. Minstemann får like mange gode minne å ta med seg heim som dei andre to,trur eg. Kjekt at de fekk fint vêr også når de er på byvandring.

    SvarSlett
  2. Friskt låtval! Fint i Trondheim!

    SvarSlett
  3. Saknar ein støvsugar i "Iwant to be free" !

    SvarSlett
  4. Ja, kanskje det hadde vore ein idé?

    SvarSlett