søndag 8. juni 2014

Panoramavegen frå Lote til Stryn

Etter inspirasjon frå "Besta" og "Hildegard" vart det ein lang biltur laurdag ettermiddag/kveld. Vi køyrde frå Lote i retning Hennebygda/Blakset, og stogga ein del gonger for å sjå på utsikta. Vegen er både smal og bratt, og somme stader er det altfor mykje skog til at ein skal kunne sjå noko panorama, men det var ein spennande tur med mykje interessant å sjå.
Frå stien til Nosakleiva

Utsikt frå Nosakleiva


Nordsida kyrkje på Roset er eitt år eldre enn Kilsfjord kyrkje, og teikna av same arkitekt.

Utsikt mot Innvik frå kyrkjegarden på Roset

Ungdomshuset "Frendehall"

Utsikt mot Innvik, frå Robjørgane/Røberg. Ein av mine forfedrar vaks opp der.


4 kommentarer: