onsdag 4. juni 2014

Stigedalen utanfor allfarveg

Det er travle tider, og "fridagen" skulle denne veka utnyttast maksimalt til ekstrajobbinga eg har teke på meg i juni. Bladfyken stilte opp som hagedreng, og laga mur og spylte berg så det var ei fryd å høyre på. Sjølv sat eg på verandaen og las, så eg fekk i det minste frisk luft.

Då eg endeleg gav meg (etter å ha kome godt over halvvegs i bunken), køyrde vi ein tur til Stigedalen og gjekk tur i skogen, på den andre sida av elva frå hovudvegen. Det vart ikkje lange turen, men Lasso kosa seg med å springe laus på dei store myrane som ein ikkje anar finst der dersom ein held seg på vegane.


1 kommentar:

  1. Hi friends, pleasant article and pleasant arguments commented here, I am in fact enjoying by these.


    Here is my web-site :: sesiones de fotos

    SvarSlett