onsdag 2. juli 2014

Bok 52 2014: "Klokkene ringer for deg" av Ernest Hemingway

I denne klassikaren er handlinga lagt til nokre få dagar under borgarkrigen i Spania. Robert Jordan er ein ung, amerikansk geriljasoldat som har fått i oppdrag å sprenge ei bru. Han får kontakt med ein bande som bur i ei hole, og her forelskar han seg i den unge jenta Maria.

Boka handlar om krig og kva den gjer med menneskesinnet, ikkje minst med omsyn til kjærleiken.

Eg likar boka ganske godt, men Hemingway har noko så maskulint over seg at det nesten verkar kvinneundertrykkjande. Når Robert kallar Maria "Lille fole", minner han ein del om Thorvald Helmer i "Et dukkehjem", og Maria er ei truskuldig og hengiven kvinne på grensa til å verke dum. Ho er rett nok svært ung, men eg reagerer på at det er dette barnlege og beundrande ved henne som gjer henne tiltrekkjande. Kjærleiken mellom desse to er meir lidenskap enn gjensidig respekt, og dei varme kjenslene vert forsterka ved at dei lever på kanten av døden. Ei sterk bok er det uansett, og eg fekk frykteleg lyst til å sjå om att den klassiske filmen frå 1943, med Gary Cooper og Ingrid Bergmann i hovudrollene.

1 kommentar:

  1. Lene sidan eg las boka, eller såg filmen. Kunne vore kjekt å tatt ein repetisjon. Hugsar eg likte boka godt då eg las den, men mykje vatn har rent i havet sidan den gong. Meiner eg har boka.

    SvarSlett