fredag 11. juli 2014

Charlie på stranda

Storegut skulle i studio i dag, men resten av familien + naboguten gjekk ein tur på badestranda. Gutane nekta å bade der, men ville heller på småbåthamna. Det var sjølvsagt greitt, men Charlie fekk rusle litt rundt på stranda før vi gjekk derifrå. Eg prøvde å få tatt nokre bilete av han, og nokre av dei vart faktisk fine.



Elles har vi kosa oss med restar av selskapsmat, sola oss og slappa av. Det er ein fantastisk sommar vi har, og det gjeld å nyte dagane. Minstemann fekk vere med naboguten på overnattingstur på hytta deira, og det blir sikkert veldig kjekt.

2 kommentarer:

  1. Kjekt å lese bloggen din. Nydeleg hund, har sett denne rasen her også. Kom gjerne på besøk med han, vi har framleis innegjerda hage frå barnehagetida, og no er det hundane til borna våre som har glede av det.

    SvarSlett
  2. Vi kjem gjerne innom, ja! No er han plaga med å verte bilsjuk på korte turar, men det kjem seg sikkert litt etter kvart. Vi kjem truleg til å bruke veterinær på Eid, sidan det er enklast, og kanskje blir vi også med på aktivitetar i hundeklubben.

    SvarSlett