torsdag 9. oktober 2014

Bok 83 2014: "Billie" av Anna Gavalda

Eg har lese eit par bøker av same forfattar før, begge på lydbok. Eg valde derfor å lese denne på same måte. Gavalda i omsetjing har eit herleg, rått og direkte språk fylt av humor og uventa uttrykksmåtar. Dette gir bøkene hennar eit ekstra løft, synest eg, og det passar så godt å høyre klangen i nynorsken opplesen.

Boka handlar, i korte trekk, om ei kvinne som vaker over sin sjuke ven under stjernene. Boka er ein slags samtale med ei av stjernene, og kvinna fortel då om livet sitt og venskapen med han som ligg i koma ved sidan av. Det er ei tankevekkjande historie om fattigjenta og den homofile guten som finn kvarandre, og eg likte svært godt denne boka. Opplesaren Silje Breivik gjer dessutan ein glimrande jobb ved å lage stemmer, lydar og å lese kraftuttrykka på ein overtydande måte.

2 kommentarer:

  1. Eg fryda meg over nynorsken i denne boka-like mykje som over innhaldet. Og opplesaren løfta boka enda eit hakk. Nynorskhatarar burde prøve denne boka.

    SvarSlett