tirsdag 21. oktober 2014

Bok 86 2014: "Paganinikontrakten" av Lars Kepler

Eg har tidlegare lese og likt "Hypnotisøren" av dei same forfattarane, og eg hadde derfor visse forventningar til denne kriminalromanen. No veit eg ikkje om eg har vore spesielt ukonsentrert i det siste, men eg opplevde romanen som eit samansurium av ulike tema og problemstillingar, som spende frå fiolinbygging til våpenhandel. Eg las boka ferdig, men likte den ikkje noko særleg. Eigentleg er eg lei av krim, for eg synest det er langt mellom dei skikkeleg gode bøkene. Altfor ofte opplever eg at eg sit og ventar på at boka skal ta slutt når det er to - tre cd-ar att av lydboka.

1 kommentar:

  1. Sjekka bloggen min, og såg at heller ikkje eg var udelt begeistra.Etter kvart er det nesten blitt slik at eg likar alle andre bøker enn dei som er "krim". Det er noko med å vere fed up å gjere.

    SvarSlett