tirsdag 13. januar 2015

Bok 4 2015: "Stoner" av John Williams

Denne boka har fått svært mykje merksemd etter at den vart relansert mange år etter at den kom ut i 1965. Lydboka kom på norsk i fjor, og den har hatt stor suksess.

Kort fortalt er det ein roman om ein mann som ikkje levde eit spennande eller uvanleg liv, men tvert imot ikkje gjer den heilt store skilnaden i nokon sitt liv. Han har få vener, lite familie og lite kjærleik i livet sitt, og han har heller ingen grensesprengande karriere. Det spesielle med boka er den varmen som forfattaren syner for hovudpersonen sin.

Eg vart totalt hekta av romanen først, men det dabba noko av undervegs. Sjølv om eg likte boka svært godt samla sett, må eg seie at eg ikkje er heilt einig i alle dei positive omtalane eg har lese. Det kjem ingen superlativ frå meg, men eg anbefaler den gjerne.

1 kommentar:

  1. Det er gjerne slik når ein les bøker som har fått særs gode kritikkar- ein blir litt skuffa fordi forventningane er så høge. Men ei slik "lågmælt" bok klan også ha sine kvalitetar, ikkje minst fordi den er så annleis enn det meste av det vi les.

    SvarSlett