fredag 20. februar 2015

Baby you can drive my car

Lærekøyring er slett ikkje verst når ein har fått vanen. Storegut er svært lettbedd, og dei hine følgjer gjerne med på tur når han sit bak rattet.

I dag var ærendet å handle matvarer på Eid. Alle søskena ville vere med, og mora bestemte musikken. Eg har nemleg fått det føre meg at eg skal presentere ein del god, gamal musikk for avleggarane, og akkurat no er vi inne i ein Beatles-periode. Eg har så godt som alle platene deira kopierte, så vi har mykje kjent og totalt ukjent å høyre på. Litt allsong blir det òg.

Denne veka har vi sett ikkje mindre enn fem tidlegare skulemusikalar på dvd, den eldste frå 2006. Det er utruleg kjekt å sjå og høyre dei tidlegare elevane i aksjon. Talenta var mange før òg, men kulissane, koreografien, kostyma - ja, heile produksjonen,  er svært mykje meir avansert og profesjonell no.

Det har vore ei veke med mykje musikk, song og latter i heimen. Det gjer absolutt ingenting at vêret ikkje har vore noko særleg, for vi har fått kvile oss godt ut og vore mykje saman utan stress og styr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar