torsdag 5. februar 2015

Bok 12 2015: "De fem årstidene" av Gaute Heivoll

Ein eldre mann blir pensjonist, etter å ha reist fram og attende mellom Oslo og Stavanger som konduktør på toget. Han tilbringer deretter tida saman med kona på reise, med familien og i hagen, medan han filmar det heile. I følgje forlagets presentasjon er det Gaute Heivolls eigne besteforeldre som vert skildra, og handlinga er lagd til slutten av 1970-talet. Forfattaren skal ha fått smalfilmane frå boka i hende i 2012, og han har deretter dikta kjærleikshistoria om dei to besteforeldra.

Boka er først og fremst vakker og poetisk, for her er lite handling bortsett frå problem i hagen. Eg likte den godt, men den bleiknar i høve til Hoem som "dikting om historiske personar".

2 kommentarer:

  1. Det er ei stund sidan eg las den boka, men eg likar bøkene til Heivoll. Ingen av dei andre kjem opp mot "Før jeg brenner ned." Eg har, som du, lese mange gode bøker i det siste, og då blir det vanskelig å finne noko som matchar.

    SvarSlett
  2. Ja, denne las eg på papir. Der er utvalet langt større.

    SvarSlett