fredag 6. februar 2015

Bok 13 2015: "Elin og Hans" av Trude Marstein

Marstein var ein ny forfattar for meg, og eg begynte å lese denne boka med nokså nøytrale forventningar.

Boka fortel om Hans, som nyleg er blitt enkemann etter å ha vore gift med Elin i meir enn 20 år. Vi får innsyn i korleis forholdet utvikla seg, og kva kjensler han sit att med etter at ho er død. Eg syntest det var ei tankevekkjande og god bok, men det er vanskeleg å seie så mykje om den utanom det. Det heile verkar truverdig, om ein kan bruke eit slikt uttrykk, og språket merkar seg ikkje ut verken positivt eller negativt. Eg vil tru at boka høver best for dei av oss som har levd ei stund, for her var mykje å kjenne seg att i.

Det blir sikkert ikkje siste boka eg les av Marstein, for eg har sett i ettertid at mange rosar andre verk av henne i sosiale media. Eg likte denne boka, og då reknar eg med at eg kan like dei betre kjende bøkene hennar òg.

2 kommentarer:

  1. Eg er ikkje heilt enig med meg sjølv:Har eg lese denne boka, eller berre sett den på biblio?
    Var innom i dag, og sette meg på venteliste til alle lydbøkene som er i kjømda.(Først på lista!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra! Eg lånte denne boka på skulebiblioteket på jobb.

      Slett