onsdag 1. april 2015

Nydeleg innekos-vêr

Vakkert vêr er fantastisk, men grått vêr er langt meir avslappande. I dag hadde Eldstejenta og eg ein sakte og stille føremiddag med retromusikk på youtube, før gutane endeleg stod opp. Deretter lærekøyrde Storegut til Eid, der vi handla bilen full. Butikkane skal som kjent vere stengde i heile to dagar, og vi kan ikkje risikere å svelte ihjel.

Etter middag kosa dei fleste av oss oss med yatzy m.m. Latteren sit laust slike dagar, og det er nesten rart vi ikkje spelar spel oftare, så kjekt som det er.

Gamla fekk unna dei fleste stilane som stod att å rette, og ut på kvelden vart det òg til at vi damene såg litt påskekrim. Det er så fint å vere saman og kunne slappe godt av utan stress og mas, og spesielt utan tankar på at vi "burde" ha vore ein annan stad og gjort noko meir sporty eller spektakulært.

2 kommentarer:

  1. Synd vi ikkje var heime når du var her med leveranse på døra ? (vidarelevert til M). Takk for god hjelp så langt. Ønskjer deg og dine god påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi stakk bortom etter endt handletur. God påske! :)

      Slett