onsdag 8. april 2015

Rundtur i Hovdebygda

I ettermiddag gjekk vi ein ny, fin tur i nærområdet. Vi parkerte ved møbelfabrikken i Hovdebygda og gjekk på sti opp på Indrehovdeåsen, der det er laga til ei skikkeleg lærerik naturfagløype langs stien. Vidare gjekk vi på ein gjørmete sti over til Ytrestøyl, vidare over hovudvegen og over til vegen langs Hovdevatnet og Ytrehovden. Der gjekk vi blant anna forbi eit nedlagt kunstatelier og ein bauta for Anders Hovden. Ein lett og interessant tur i nydeleg vårvêr!






2 kommentarer:

  1. Dette er eit område som eg kjenner som min eigen bukselomme. Men den mest spektaktulære turen, var vinteren for to år sidan, då vi gjekk PÅ vatnet i staden for rundt.

    SvarSlett
  2. Kom på at det faktisk heiter ei lomme-lomma. Sjølv om det i min dialekt er hankjønn.

    SvarSlett