mandag 24. august 2015

Lærar på skulebenken

Så kom endeleg dagen då Gamla sette seg på skulebenken att. 7 timar med nyttig informasjon og forelesingar var ein brå og hard start, ikkje minst fordi vêret var fantastisk vakkert og jobben var på fjelldag. Vi var mange samla i auditoriet, og heldigvis var der ein kollega av meg som utan at eg visste det hadde meldt seg på same studiet. Det var kjekt å ha nokon ein kjende å sitje saman med på første skuledag - det gjeld både når ein er sju og førtisju, trur eg.

Den store utfordringa denne hausten blir å utarbeide ei problemstilling, knytt til eit lite feltarbeid. Dette skal brukast som grunnlag for ein munnleg presentasjon og deretter ei oppgåve som skal utgjere eksamen. Arbeidsmengda er truleg overkomeleg, men no gjeld det å vere kreativ og få ein god og gjennomførbar idé innan 10. september. 

Vel heime vart det lite action i heimen, og den stakkars hunden måtte vente lenge på at matmor overvann dørstokkmila. Då sykla vi ein tur, slik at matmor kunne sitje meir eller mindre roleg medan hunden sprang ivrig på venstre side. Det er god trening for hunden å trave raskt med lange skritt, sjølv om eg trur han likar betre å gå laus på fjellet.

2 kommentarer: