søndag 23. august 2015

Bjørnasethornet (739 moh)

Etter ein relativt sløv laurdag med valkamp og andre stilleståande syslar var det herleg å kome seg ut på tur att i dag, sjølv om gutta var noko vanskelege å få med opp og ut. Veslejenta var på tur med nokre venninner, men vi hine kom oss etter mykje om og men på Bjørnasethornet - det var relativt varmt i motbakkane med 24 grader i lufta og vindstille.

Det var mykje molter i fjellet no, og eg fekk nesten ulysta meg. Personleg synest eg det er aller mest stas å ete dei rett frå lyngen.







4 kommentarer:

  1. Eg hadde aldri gått i frå eit einaste moltebær, om eg hadde føter, rygg og ei spann e.l. til moltene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg plukkar ikkje dei som ikkje er modne

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Der vi var, var det ikkje så mange modne, men vi har sikra julaftan frå før. I kommentaren eg sletta kunne det sjå ut som vi plukka kart. Det gjer vi IKKJE!

    SvarSlett