torsdag 6. august 2015

Bok 76 2015: "Mysteriet Ingeborg Køber" av Ivo de Figueiredo

Boka har som undertittel: " En sann historie om spiritisme, kjærlighet og et mulig mord", noko som viser nokså klart kva boka handlar om. Forfattaren, som mellom anna er Ibsenbiograf, har gripe fatt i ei kriminalhistorie frå 1930-talet. Ein mann i 70-årsalderen druknar, og det er dottera som dreg han i land. Problemet er at den same dottera er eit spiritisme-medium som har varsla farens død på førehand. Kan ho ha myrda faren, eller hjelpt han til å ta sjølvmord?

Gjennom forteljinga får ein innblikk i eit overklassemiljø der ein svermar for mystisisme og spiritisme. Eg har lese om tilsvarande i England, men ikkje her i landet, så dette syntest eg var svært interessant. Mot slutten av boka gir dessutan forfattaren ei slags forklaring på denne dragninga mot mystisisme ved å ta føre seg strøymingane i samtida. Mykje av dette var kjent for meg frå før, men dette vart ei ny vinkling.

Eg hadde stor glede av å lese denne boka, som de kanskje allereie har gissa. Som eit lite poeng kan eg nemne, sidan eg allereie har omtala Figueiredo som Ibsenbiograf, at både Ibsen, kona Suzanna, sonen Sigurd, svigerdottera Bergliot (som var dotter av Bjørnstjerne Bjørnson) og brørne hennar var opptekne av spiritisme, medan Bjørnstjerne Bjørnson aldri skal ha sagt eller skrive noko som tyder på at han var oppteken av det. Kjekt å vite.

3 kommentarer:

  1. Denne boka kunne eg ha tenkt meg å lese. Har du lånt den på biblio, eller?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, i papirutgåve. Eg kan berre forlenge lånetida og ta den med til Ørsta ein dag.

      Slett
  2. Ja, det hadde vore fint, men på solseng les eg helst på øyret. Eg greier ikkje å ligge på magen-i alle fall ikkje lenge.

    SvarSlett