torsdag 27. august 2015

Bok 82 2015: "An-Magritt" av Johan Falkberget

Denne boka er første band i serien "Nattens brød". Handlinga er lagd til eit gruvesamfunn på 1600-talet, og ein får eit grundig innsyn i livet i bygda på godt og vondt. An-Magritt er det uekte barnet til ei kvinne som tok livet av seg for å unngå den audmjukande opplevinga å verte sett i gapestokken. Barnet veks opp hos bestefaren, og ho vert ei sterk, stolt og tøff jente.

Bokserien er ein klassikar, og hovudårsaka til at eg berre har lese utdrag frå den tidlegare, er at den er skrive med mykje innslag av dialekt. Det synest eg er slitsamt, spesielt når eg ikkje kjenner dialekten særleg godt. Derfor er denne boka, som eg tidlegare har erfart med Olav Duun sine bøker, svært godt eigna som lydbok.

1 kommentar:

  1. Eg ser at det er Hildegunn Eggen som les denne boka også, det var ho som las heile serien om Juvikfolket også. Og ho las godt Kanskje eg også bør prøve meg på Ann Magritt igjen. Meiner eg har papirutgåvene-om du skulle ha interesse av å eige dei.

    SvarSlett