onsdag 28. oktober 2015

Fri-onsdag

Dagens fri-onsdag starta med at vi stod tidleg opp sjølv om vi hadde fri. Derfor kom vi oss relativt tidleg ut på tur òg, og vi gjekk på "Solsida" til Mjeltvika, der sola kjem mykje tidlegare enn heim til oss. Vi filosoferte om mangt og mykje i finevêret, spesielt om kva som er kjekt med jula. Det går mot dei tider att.

Vel heime har eg spretta ein ny rettebunke og laga klar ei pannekakerøre. Veslejenta har nemleg bestilt pannekaker til middag når ho kjem heim frå skulen.

Det er siste året Minstemann har fri-onsdagar på skulen, så neste år søkjer eg meg truleg opp i full stilling. Enn så lenge nyt vi kvardagsluksusen me denne fridagen midt i veka. Den gjer utruleg godt, spesielt når vêret slår til som i dag.






1 kommentar:

  1. Bilda dine blir mykje finare enn mine, til tross for likt utstyr.(?) Trur du må halde eit kurs.

    SvarSlett