mandag 5. oktober 2015

Lisjedalen og Brundalen

Føremiddagen på første haustferiedag gjekk med til pensumlesing og oppgåveskriving. Etter kvart stod eg litt fast i korleis eg skulle organisere stoffet i drøftingsdelen, og eg vart sitjande og sjå ut på finevêret utan å kome meg av flekken med skriveprosessen.

Det som skulle bli ein liten tur for å klarne hovudet, vart ein fleire timar lang tur på over 20 000 skritt. Først gjekk vi opp skogsvegen til Lisjedalen. Den vegen låg i skugge, så det var som ein eksplosjon å kome opp til vatnet der sola skein og haustfargane strålte. Så gjekk vi vidare opp stien til Brundalen, der vi møtte ein mann med hund. Hundane fekk springe lause rundt og leike sidan der ikkje fanst verken sauder eller menneske utanom oss på setra. Då vi skulle gå ned att, gjekk vi på den andre skogsvegen. Vi møtte fleire både menneske og dyr, så det vart nokre stopp på vegen.

Midt nede i ein bakke fekk eg brått ei Eureka-kjensle då eg fekk ein idé til korleis eg skal organisere stoffet i drøftingsdelen på oppgåva mi. Eg hadde ikkje tenkt på dette på turen, men kanskje hadde hjernen arbeidd med det likevel. Slikt kallar vi ekstrabonus.
Lisjedalsvatnet




Brundalsvatnet



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar