søndag 25. oktober 2015

Om keisemd

Eg plar seie at eg aldri kjedar meg. Det kan høyrast noko sjølvforherligande ut, men sanninga er at eg alltid har noko å finne på, om nokre ting kan vere keisame i seg sjølv.

For det første har eg familie og vener. Med fire born er det alltid nokon å snakke med eller ta seg spesielt av. Oppfølging treng dei òg, noko det aldri blir nok tid til. Husarbeidet blir eg sjeldan ferdig med.

For det andre har eg hund. Charlie får mykje merksemd og mange turar, og det blir aldri for mykje av det heller.

Jobben krev òg ein del; denne helga har eg retta ein bunke engelskstilar, og eg har planlagt undervisninga måndag. Det tek ein del tid, men heldigvis har eg ein jobb eg likar. Eg er i tillegg tillitsvald på jobb, noko som medfører ekstra møteverksemd og lesing av diverse dokument.

Studiet mitt krev merksemd, men der er eg absolutt i rute. Tilbakemeldinga på utkastet eg leverte var veldig gode og konstruktive, så det er mest flikking som må til. Pensumlitteraturen les eg mellom slaga, og det meste er svært interessant og relevant for jobben min.

Neste veke skal eg på konstituerande kommunestyremøte, så eg har hatt nokre hundre sider med saksdokument å gå gjennom. Det blir ein del møteverksemd i partiet, og eg ser fram til å ta fatt på nye oppgåver.

Når eg ikkje styrer med alle desse tinga, og kan velje heilt sjølv, er det alltid ei bok eg vil lese, ein serie eg vil følgje med i eller ein film eg vil sjå. Eg er gjerne asosial når eg tek heilt fri, og kosar meg med rolege aktivitetar.

Døgnet har for få timar, og eg skulle gjerne hatt fleire som eg kunne bruke til trening, til dømes. Slik det er no, er eg heldig om eg rekk å gå ein gong eller to i veka på treningsstudio. Sist tysdag begynte eg å ro på romaskin, noko eg trur eg vil ha godt av å gjere meir av. Dei problematiske armane mine er betre enn på lenge, noko eg trur kjem av ein betre situasjon på jobb og ein lang og sløv sommarferie. Når ein slepp å vere frustrert og å verke, blir det frigjort mykje energi som kan brukast til langt hyggelegare ting.

Denne veka prøvde eg å lære eit nytt ord: "prokrastinering". Dette var ikkje berre eit framandord for meg, men òg eit ukjent fenomen. Viss eg skal skryte av meg sjølv, noko eg altså skal, vil eg seie at nøkkelen ligg i å få unna bunkar og andre oppdrag i god tid. Stresset ligg ikkje i å gjere mykje, men i å ha mykje som skal gjerast.

Skreiv Gamla, som tok ein pause i husvask, klesvask og brødbakst for å setje ord på noko av det ho gjekk og tenkte på.

1 kommentar:

  1. Einig med deg! Eg kjedar meg aldri når eg er åleine, ikkje når eg gjer noko kjedeleg heller.
    Men det er sunt å kjede seg litt, som farmora til Albert Åberg sa, slik at ein får tenkje etter kva ein har LYST å gjere.

    SvarSlett