søndag 4. oktober 2015

Haustferiestart

Stemninga var høg utover laurdagskvelden, då mykje av tida gjekk med til å filme kvarandre og ta bilete av kvarandre i parykkar og diverse anna.

Søndag morgon vakna eg først, og då brukte eg morgonen og føremiddagen til å bearbeide det som er oppgåva mi så langt (om lag fem sider) til å bli ein presentasjonstekst (2 sider). Det gjekk forbausande greitt, og i eit nytt anfall av overmot leverte eg inn teksten og sende mail til studieleiar om at eg godt kan vere blant dei første som legg fram presentasjonen sin måndag etter haustferien (alternativet er 10. november). Når eg er ferdig med presentasjonen, kan eg konsentrere meg om oppgåveskrivinga. Kanskje får eg gode tips til vinklinga vidare òg.

Litt hagearbeid har det òg blitt tid til. Eg hadde kjøpt nokre laukar på tilbod laurdag, og så fann eg ein del tulipanlaukar frå i fjor. Dei såg ikkje heilt gode ut, men det er no verd eit forsøk. Ein bør setje lauk kvar haust, for det er dei første blomane om våren ein har aller mest glede av.

Det er ei god kjensle å ha fått ferie, sjølv om mykje av ferien blir brukt til jobb. Den første helga i ferien er alltid den beste. Eg ønskjer alle som har ferie ei fin veke med gode opplevingar og stemning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar