fredag 2. oktober 2015

Bok 87 2015: "Anarchy in Åmot" av Sturle Brustad

Eg har lese denne boka for andre gong, fordi eg har råda nokon til å skrive fordjupingsemne om oppvekstromanar der det å spele i band er eit viktig moment. Brustad skriv om eit Sex Pistols-inspirerte band i Åmot (Modum) på slutten av 1970-talet. Det er ei humoristisk, men òg ei alvorleg bok om familieproblem, identitet og kjærleik. Eg likte boka godt første gong eg las den, og enda betre no. Lydboka vert lesen av forfattaren sjølv, og der er òg mange musikk-klipp undervegs og til slutt i boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar