fredag 4. november 2016

Bok 91 2016: "Om sommeren" av Karl Ove Knausgård

No har eg lese ferdig årstidsserien til Knausgård. Dei to første var veldig spesielle, og eg var spent på kva lei det gjekk i. Den tredje var meir tradisjonell i forma, og fortalde meir om kvardagslivet til familien, og spesielt om dei psykiske problema til kona. Nummer fire er ei blanding av den spesielle stilen frå dei to første, med skildring av ulike ting/dyr, og ei meir ordinær forteljing om episodar i kvardagslivet. I tillegg har han blanda inn ei historie om ei gamal kvinne som han heldt på å skrive. dette siste syntest eg var noko malplassert, og heller ikkje særleg godt skrive, men resten av boka var god - spesielt likte eg slutten.

1 kommentar:

  1. Eg forstod heller ikkje kvifor han tok med historia om den kvinna. Men eg likte boka.

    SvarSlett