fredag 8. desember 2017

8. desember: fri-fredag

Eg er av den typen som ofte seier "dette burde vi gjere oftare" eller "vi burde møtast snart" når eg har kontakt med gamle venninner. Denne veka hadde eg ein "prat" på nett med ei god venninne frå oppveksten, og vi var einige om at vi burde "møtast snart". I staden for å la det bli med det, sa eg at eg hadde fri fredag, og då passa det for henne å møtast òg. Dermed vart det lunsjdate i dag, og det var verkeleg ei triveleg stund med gode samtalar om smått og stort. Og sjølvsagt var vi einige om at "dette må vi gjere oftare!"

Etter daten tok eg meg ein runde i butikkar for å få unna litt julehandel, noko som var svært effektivt og vellukka på grunn av kyndige og kloke butikkmedhjelparar.

Før eg for heim fekk eg òg lagt inn eit besøk på Ørstaheimen, der far min vart innlagd i dag. Han har vore heime sidan 2. mai, men no var forma dårleg og han treng meir hjelp enn han har gjort på ei stund. Sidan vêret var så ufyseleg, vart det til at eg køyrde mamma heim. No får vi berre håpe dei får kvilt seg godt begge to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar