torsdag 7. desember 2017

7. desember: kyrkjekonsert

Etter dagens dont på jobb var det tid for kyrkjekonsert med musikklinja. Det var som vanleg ei flott oppleving, med mange flinke solistar både på instrument og vokal, i tillegg til det dyktige koret. Kyrkja var, som vanleg det òg, stappfull. Volda kyrkje eignar seg spesielt godt til konsertar, sidan der er så gode lydforhold. Det beste med førjulstida er dei mange arrangementa ein kan ta del i, men det blir for mange til at ein får med seg alt ein kunne ha tenkt seg.

2 kommentarer:

  1. Var Amanda med i koret? Kvar står ho i så fall?

    SvarSlett
  2. Ho var med, men viser ikkje på biletet fordi ho står bak nokre som er høgare :D

    SvarSlett