mandag 25. desember 2017

24. desember: julaftan 2017

Vi har hatt ei fantastisk og heilt tradisjonell julaftan i heimen - betre blir det ikkje. Sein og overdådig frukost med godt pålegg og varm sjokolade med marshmallows, kyrkje, songopptak, pinnekjøtmiddag, barne-tv, pakkar og brettspel - ja, kvelden vart lang og veldig kjekk før ungane begynte å legge seg i 2.30-tida. Alle ungane verka svært nøgde med det dei hadde fått av gåver, og eg er sjølv takksam og glad for det eg har fått og fordi det eg har gitt vart sett pris på. Litt lureri hadde eg hatt føre meg, som då eg lokka Eldstejenta til å prøve parfyme til systera men stakk inn att i butikken og kjøpte ei anna flaske til henne. Elles hadde eg bestilt plakatar og t-skjorte til Veslejenta som skal på konsert til sommaren, og eg hadde kjøpt platespelar til Minstemann, som straks fekk ein jobb å gjere med å kople opp med dei høgtalarane han hadde frå før. Han har hatt diverse vinylplater, men ikkje kunna spele dei av. No er ikkje det eit problem lenger.

Det var elles ei veldig fin og barnevennleg gudsteneste i kyrkja i dag, med den same unge presten som var der då Eldstejenta og eg var i kyrkja i september. Ho er verkeleg flink til å få med borna i preikene sine, og då blir det kjekkare for vaksne òg.




 





1 kommentar: