fredag 1. desember 2017

1. desember: piece of cake

Viss dette blir første luke i ein kalender over gjeremål i desember, håper eg det vert den mest slitsomme dagen i adventstida. Her handlar det verken om baking, koking eller vasking - men eksamen. Eg har grudd meg så frykteleg til denne eksamenen, men i innspurten var eg lei av å lese og ville berre få det heile overstått.

I dag hadde vi seks timars skuleeksamen, med seks oppgåver, og eg skreiv om lag 5300 ord. Dessverre trur eg ein del av dei var utanom saka, og eg føler eg ikkje fekk fram det eg kunne, men det bør stå til stålarakter. Omgrepa balla seg litt saman for meg, men ein får håpe på mild sensur.

Eg leverte eit kvarter før slutt, og då stakk eg oppom jobben og bytta inn pensumlitteraturen i ein bunke romanar på biblioteket der. Deretter henta eg Veslejenta og for saman med henne til besteforeldra, der vi ikkje hadde vore på ei stund. Mormora hadde teke opp blautkake, så dermed fekk vi feira ferdig eksamen på skikkeleg vis. På veg heim handla vi, og så vart det tacofredag og kos i heimen utan tanke på noko som liknar statistikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar