søndag 17. desember 2017

16. desember: tur til Eid

I dag tok eg med meg Eldstejenta til Eid for å handle. Veslejenta hadde reist til Ålesund på shopping med nokre venninner, og gutane ville helst late seg heime. Eg har utsett nokre små-innkjøp til Eldstejenta kom heim, for eg veit at ho likar å handle. Vi hadde ein triveleg runde på "byen" før vi tok med oss ei blomehelsing frå foreldra mine til tanta og onkelen min. Vi var usikre på om dei var heime, og vi hadde ikkje tenkt å bli lenge, men det vart ei rett triveleg stund med mange interessante emne frå fortid og notid. Onkelen min har drive mykje med slektsforsking, og det var artig å høyre han fortelje om generasjonar attende til 1700-talet. Det var sjølvsagt òg interessant å høyre om kvar notidas generasjon held til og kva dei styrer med.

Eg har ofte tenkt på mormora mi, som var 35 år då ho gifta seg og fekk to born med halvanna års mellomrom under krigen. Desse to borna fekk etter kvart tre born kvar, og i oldebarngenerasjonen er der heile 22 etterkomarar. Morfaren min var død lenge før eg vart fødd, så det var ein liten familie som etter kvart har hatt ein enorm auke. No har dei fleste oldeborna blitt unge vaksne, og dei har jobb eller studiar alle saman. Det hadde vore ein flott flokk om vi hadde samla dei.
Fint maleri av eit velkjent turmål

Vi fekk elles sjå fleire gamle fotografi som var ukjende for oss, og då vi skulle fare fekk vi med oss eit måleri som gåve. Det er ingen i vår grein av familien som teiknar og målar, men onkelen min og den for lengst avdøde morfaren min har hatt kunstnariske evner. Mor til denne morfaren, altså oldemora mi, var derimot musikalsk og underviste i pianospel på Nordfjordeid. Det er genar vi kan kjenne oss att i, og i tillegg var ho eit viljesterkt menneske - noko vi òg kan ha arva.

Vel heime vart ikkje det gjort så mykje meir vetigt. Eg laga middag (ei mildt sagt perfekt svineribbe) og så har vi kosa oss med ein julefavoritt: filmen "Love, Actually", som vi har sett ørten gongar før.

2 kommentarer:

  1. Kjekt med besøk, så dette må de gjere oftare.

    SvarSlett
  2. Det er Svein og eg som er dei gamle i familien vår, og det er viktig at vi fortel og dei yngre høyrer. Eg tenkjer ofte på mykje som eg skulle spurt mamma og pappa om, men som eg aldri får vite no. Derfor forar eg ofte barn og barnebarn med historier-men det er Svein som er slektsgranskaren! Der strekk ikkje tolmodet mitt til.

    SvarSlett