torsdag 26. april 2018

Livet går vidare...

Eg fekk innvilga permisjon både onsdag og torsdag denne veka, og i morgon fredag hadde eg uansett hatt fri. Dette har gjort det mogleg å hente seg inn att både fysisk og psykisk etter den siste veka.

Veslejenta vart att i Volda etter gravferda, så ho møtte på skulen i går, onsdag. Minstemann trengde ein dag til heime frå skulen, ikkje minst fordi søskena stod på farten for å reise. Eg stod tidleg opp for å køyre Eldstejenta på ferja, og ho var framme i Oslo litt ut på føremiddagen. Storegut reiste i 12-tida. Han skulle ta buss attende til Trondheim og var framme der seint i går kveld. I dag tidleg reiste han til New York på skuletur, og han la nett ut ei melding om at han er trygt framme. Eldstejenta skal reise til Spania på søndag, og eg er glad dei slepp å reise med tanken på at dei kunne få ei melding om morfarens død når dei er på tur.

Då Minstemann og eg vart aleine, ville han rydde rommet sitt og eg ville lese teori til oppgåva mi. Begge hadde behov for å vere litt aleine og sleppe å snakke med nokon, trur eg. Etter ei stund gjekk vi ein tur med hunden, men det vart ingen store krumspring. Eg køyrde han seinare ut på kaia der han møtte faren, og så vart eg aleine heime.

Det har kome blomar og meldingar, og i går kveld fekk eg telefon frå ei god venninne som gav meg mykje å tenkje på. Slikt gjer utruleg godt. Elles er det blitt mykje chatting, noko som òg er fint.

I dag sette eg meg føre og skreiv 500 ord til på teoridelen til oppgåva mi. Det gjekk utruleg sakte, og eg er på ingen måte klar for å stå framfor ei gruppe elevar. Hjernen fungerer ikkje som normalt, og eg har problem med å tenkje raskt og klart. Kjenslene er nokolunde under kontroll, trur eg.

Eg hadde meldt avbod til kommunestyremøtet i dag - ikkje fordi eg ikkje hadde kunna sitte på møtet, men fordi eg ikkje evna å sette meg inn i sakene på førehand.

I morgon skal eg ta meg ein tur på jobb for å lage til ei prøve og skrive ut ein stilbunke, og eg trur det blir godt å kome i nokolunde normal gjenge att etter kvart. Eg skal ikkje ha undervisning før onsdag i neste veke, og det er i grunnen bra. Det verste blir nok å ta imot kondolansar på jobb, men eg får heller seie at det er greitt om tårene renn litt innimellom.

Eg har òg ein del å gjere når det gjeld konfirmasjonen til Minstemann om eit par veker. Det skal bli ei kjekk feiring når den tid kjem, men det krev ein del førearbeid. Det meste er bestilt og kjøpt inn på førehand, i kjend stil, men eg må no ta meg ein runde og få stadfesta at alt blir som planlagt. Vi har heile 61 namn på lista over festdeltakarar, så det blir mykje folk og stor stemning, tenkjer eg.

Slik ser det altså ut i mi vesle verd per i dag. Sorga er absolutt til stades, men meir enn det er det gode minne som dukkar opp i tankane. Det er vanskeleg å konsentrere seg om Foucaults diskursteori, men eg skal greie å krote ned nok ord innan fristen 14. mai. Viss tekstutkastet ikkje blir godkjent, har eg ein ny frist i juni, så det er ikkje så viktig å levere eit meisterverk heller. Eg skal nok stå han av denne gongen òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar